Blomstereng

Oppdrag Blomstereng.

Bra for biologisk mangfold og pollinerende insekt.

Om prosjektet

Oppdrag Blomstereng forvandler tomme gressplener til blomsterenger der humler og bier kan spise og kose seg. Med dette skoleprosjektet lærer barn om plantens livssyklus og biologisk mangfold, gjennom å sanke frø fra lokale villblomster. Frøene bruker de til å etablerer en blomstereng i skolens nærområde. Med blomsterengen som konkret eksempel, får elevene på en praktisk og utforskende måte tilegne seg kunnskap om biologisk mangfold og grunnleggende sammenhenger i naturen. Og de får oppleve at de kan gjøre noe for å øke det biologiske mangfoldet der de bor.

Oppdrag Blomstereng er utviklet av Bærekraftige liv, med støtte fra Bergen kommune, og i samarbeid med Naturvernforbundet. Våren 2022 vil 5 nye barneskoler i Bergen kommune få tilbud om å ta del i prosjektet.

 

Slik etablerer du blomstereng

For å etablere ei blomstereng treng du berre to ting: Ein jordflekk og frø av markblomster.

Her får du oppskrift på ein av fleire måtar å etablere ei blomstereng på. Ein må vere tolmodig, for fyrste året vil det vere svært lite blomar, men mest bladrosetter, altså berre grøne blad. Neste år vert det blomar også.

Kvar passar det å lage blomstereng?

  • Full sol – minst mogleg skugge frå tre og bygg. Gjerne sørvendt.

  • Ikkje myr eller svært vått.

  • Det kan gjerne vere helling eller bakke.

  • Skrinn/mager jord (helst ikkje gjødsla dei siste åra) Har du mykje mose, så er det truleg skrinn jord.

  • Det er ein fordel om det ikkje er mykje høymole og løvetann. Men dette er ingen føresetnad, då ein kan fjerne ugras litt etter litt.

Kor stort bør området vere?

  • Det er lurt å starte på eit mindre område, til dømes 2 x 2 meter.

  • Eventuelt kan ein starte med fleire små områder, 1x1 meter eller endå mindre.

  • Blomstereng kan spreie seg til områda rundt om også desse områda vert klipt sjeldant.

Når skal ein anlegge blomstereng?

  • Så frøa tidleg haust (september), på våren eller utover sommaren.

Førebuing: 

  • Rak av gras og mose for å eksponere så mykje jord som mogleg. Bruk jernrive, og gå hardt til verks. 

  • Du må gjerne blande inn sand (sandkassesand, støypesand – billig sand) i det øvste laget i jorda. Spesielt om det er næringsrik jord. Då vert den skrinnare.

Korleis få tak i frø til blomstereng: 

  • Kjøpe – norske blandingar, helst blandingar frå din landsdel. 

    • Ikkje vel blomstereng av artar som ikkje høyrer til i norsk flora. Dei kan vere svartelista. 

  • Sanke frø frå markblomster i ditt nærområde. Frø kan oppbevarast i kjøleskap eller frysar. Dei toler frost. 

    • Bukettar. Plukk markblomster når du er på tur. Når buketten har visna hiver du den ut der du vil ha enga. Evt tek av frø/blom og spreier det utover. 

Korleis så frøa: 

  • Frøa må treffe mold – frø må alltid ha jordkontakt for å spire/etablere seg.

  • 1 g frø pr kvadratmeter når du sår. Mål opp området. 

  • Rak frøa forsiktig ned i jorda. 

  • Trakk over arealet for at frøa skal sette seg, og ikkje regne vekk ved fyrste regnbye.

  • Nokre frø vil spire etter kort tid, kanskje dagar eller veke. Mens andre frø kanskje ikkje spirar før året etter at du sår. 

Skjøtsel: 

  • Blomsterenga skal slåast to gongar i året. Ein gong i midten av juni, og ein gong i august/september. 

  • Slå med kanteklippar, ljå eller plenklippar utan oppsamlar.

  • Når du har slått, let du gras og blomar ligge på marka for å tørke slik at blomane slepp frøa. 

  • Etter ca ei veke, eller når graset er tørt, må det samlast opp. Dette kan leggast i komposten. 

  • Slå alltid når det ikkje er meldt regn på eit par dagar. Tenk at gras og blomar skal bli til tørrhøy. 

  • Blomstereng skal ikkje gjødslast, og ein må ikkje nytte sprøytemiddel.

  • Unngå å så frøa når det er tørke eller kraftig nedbør. 

  • Ein skal helst unngå å vatne, for at røtene skal søke nedover og finne vatn sjølv.